Intimkonsert med Aasmund Nordstoga
Informasjon

I meir enn 25 år har Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad gledd publikummet sitt med lun formidling, varm humor og speleglede! På scena er duoen noko for seg sjølv. Dei framførar viser og folketonar av ulike slag – vakre, morosame, stillferdige og fengjande. Over alt der dei fer set dei spor, dei er ei musikalsk lukkepille.